Vinge og Müller tilbake med Ibsen

Det tysk-norske teaterparet Vegard Vinge og Ida Müller held fram med sitt revolusjonerande Ibsen-prosjekt under Den internasjonale Fossefestivalen.

BYGGMEISTER SOLNESS

av Henrik Ibsen
i ein versjon av Vegard Vinge og Ida Müller
PREMIERE 9. SEPTEMBER KL. 14.00
SCENE 2

Regi- og scenograf-duoen har dei siste to tiåra rysta, utfordra, provosert og begeistra eit stort og internasjonalt publikum. Frå sin base i Berlin har dei sett sitt umiskjennelege preg på tysk og europeisk teaterkunst. No er dei tilbake i Noreg og har innleia eit samarbeid med Det Norske Teatret som strekk seg over tre år. I fjor vår sette dei opp Hedda Gabler på Scene 2 og bekrefta med det posisjonen som nokre av dei viktigaste teaterskaparane i si eiga samtid. Det er trash, det er kunst, det er samfunns- og kapitalismekritikk. Med humor ristar dei Ibsens tekstar saman i ei framsyning som både er skakande, smart, uforutseieleg og overdådig.

Denne gongen er det Byggmeister Solness som er utgangspunktet. Men ingen må la seg overraske om ikkje passasjar frå Jon Fosse også snik seg inn. Framsyninga startar i trappeavsatsen ned til foajeen ved Scene 2. Vegard Vinge har måla eit slags «program» til teaterverket i heile foajeen, som publikum kan forsøke å ta inn over seg før dei går inn i scenerommet. Utstillinga vil vere ope for publikum alle dagar i opningstida til teateret.

Framsyninga har aldersgrense 18 år.