Tore Kvæven klar med ny roman; «Raudt støv»

Pressemelding –

Tore Kvæven fekk sitt store gjennombrot med romanen Når landet mørknar i 2018 som kom ut til strålande kritikkar, og fekk Brageprisen for beste skjønnlitterære bok. No er han endeleg klar med ny roman; Raudt støv. Bok 1. Boka blir lansert 13. oktober.


Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank.

Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong.

Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve.


Raudt støv. Bok 2 er planlagt til utgjeving hausten 2024.

Alle forfattarportrett: Tom Haga.

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris 2019. I 2022 fekk han Stig Sæterbakkens minnepris. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.