Solid søkjarliste til stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret

Stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret er ledig frå 2025. No er lista over søkjarar klar.

– Vi er svært nøgde med at vi har fått så mange kvalifiserte søkjarar til teatersjefstillinga, seier Hilde Barstad, styreleiar ved Det Norske Teatret.

Teatersjef Erik Ulfsbys periode ved Det Norske Teatret går mot slutten. Etter 14 år i stillinga er det no andre som skal ta over eit teater som på mange vis er blåst nytt liv i. Søknadsfristen gjekk ut 30. mai, og søkjarlista er no klar.
– No skal vi i gang med intervjuprosess og ser fram til å bli betre kjende med aktuelle kandidatar, seier styreleiar Hilde Barstad.

I alt har 17 personar søkt stillinga, ti kvinner og sju menn. Tre av kandidatane er konfidensielle.

Eit viktig kunstnarleg prosjekt

Hilde Barstad legg vekt på at den nye teatersjefen skal overta eit teater med eit solid omdømme. Kunstnarleg mot, sterk publikumsoppslutning og teaterkunst på aller høgaste nivå har plassert Det Norske Teatret i tet blant dei nasjonale scenekunstinstitusjonane. Det Norske Teatret er ikkje berre ei viktig kunstnarleg kraft i norsk kulturliv, men også ein arbeidsplass som gir rom for kunstnarleg utvikling og nytenking. Det Norske Teatret er ein stor arbeidsgjevar for mange av dei dyktigaste skaparane av scenekunst, både på kunstnarleg og teknisk side. Nynorsk språk er teaterets viktigaste særmerke. Det Norske Teatret blei starta som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom, og det er viktig å halde denne tradisjonen i hevd.

Det Norske Teatret har gjort eit viktig arbeid det siste tiåret med å legge til rette for repertoarspeling, opne for framsyningar på søndagar, etablere ei viktig, mangfaldig satsing og drive nybrottsarbeid gjennom satsinga i Groruddalen.
– Ei ekstra utfordring for den nye teatersjefen blir å leie ein organisasjon som raskt har vakse til å bli ein av dei viktigaste scenekunstinstitusjonane i Norden inn i ein periode der løyvingane stadig er utfordra, og kundevanene er endra gjennom ein nesten tre år lang pandemi. Her må ein ny teatersjef tenke offensivt, slik at Det Norske Teatret kan halde på den kunstnarlege oppdrifta og krafta som teateret har hatt dei seinaste åra, seier Barstad.

Desse har søkt stillinga som teatersjef på Det Norske Teatret:

1. Hilde Lyshaugen (23), skodespelar/koreograf, Nord-Aurdal

2. Weronika Bylica (25), barnehageassistent, Trondheim

3. Jonathan Flom (45), dagleg leiar/koreograf, Washington/USA

4. Marie Nikazm Bakken (34), kunstnarleg leiar, Stockholm

5. Maren Elisabeth Bjørseth (39), regissør, Oslo

6. Ingrid Weme Nilsen (44), sjefdramaturg, Oslo

7. Kjersti Horn (45), regissør, Bærum

8. Hans Pitzschker Henriksen (58), teatersjef, Aalborg

9. Peer Arne Perez Øian (42), regissør, Oslo

10. Nina Elisabet Wester (48), regissør/dramatikar, Oslo

11. Anders T Andersen (56), regissør, Oslo

12. Sigrid Strøm Reibo (40), regissør, København

13. Camara Christina Lundestad Joof (35), dramatikar, Oslo

14. Lisa Lie (42), regissør, Oslo

Det Norske Teatret ved styreleiar Hilde Barstad går no vidare i tilsettingsprosessen, med utgangspunkt i søkjarlista. Målet er at ny teatersjef skal vere tilsett i løpet av hausten 2023. Stillinga er eit åremål på fem år.

Rekrutteringsrådgjevar Gro Møllestad er hyra for å kvalitetssikre rekrutteringsprosessen.

Kontakt
Styreleiar Hilde Barstad, tlf: 97502246