SLEMME JENTER. Aschehougs første høstdebutant er klar

– Det kjennast som om eg skal føde ein liten prins til verda utan å vite om han vil leve opp til forventningane. Skummelt og spennande! Alt dette kan vel summerast opp til at eg ikkje heilt veit kva eg skal forvente av å gje ut bok, seier Monica Goksøyr som debuterer med novellesamlinga Slemme jenter denne veka.

I novellene møter vi blant anna ei jente som forelskar seg i ei anna jente, men vert sviken idet ho kjenner seg trygg på at kjenslene er ekte. Ein forsvunnen barndomsvenn heimsøker ei ung, idealistisk kvinne og slår sprekker i sjølvbiletet hennar. Ei kvinne får Ritalin av ein mann ho freistar å erobre og vert kasta inn i opp- og nedturar ho ikkje greier å styre.

Sju noveller med jenter i hovudrolla. Jenter som vil vekk frå kvardagen og jaktar etter spenning og grenseoverskridingar. Jenter som kjenner på einsemd og utanforskap, og som har mødrer frå Asia og fedrar på sjøen. Jenter som leitar etter meining, men finn ho på feil plass, som er skada og som skadar.

Kvifor det blei akkurat ei slik novellesamling er ikkje Goksøyr heilt sikker på, men peikar på forandringar i sitt eige liv som påverknad:

– Boka er skrive i ei livsfase der eg har gått frå å vere student til å bli arbeidstakar, og på fleire måtar frå å vere «barn» til å bli «vaksen». I denne overgangsfasen har eg måtte tre inn i karakterar og eit levemønster med mindre rom for den individualiteten, emosjonaliteten, bevegelsesfridomen og nære mellommenneskelege kontakten eg tidlegare hadde. Tidvis har dette vist seg å vere ein vanskeleg balansekunst, noko som har utløyst frustrasjonane og refleksjonane som gjennomsyrer novellene i Slemme jenter, seier Goksøyr.


Monica Goksøyr (f. 1990) er oppvaksen på øya Runde på Sunnmøre og har røter i Thailand. Ho har ein master i rettsvitskap og arbeider som jurist i staten. Ho har gått på Aschehougs forfattarskule. Novellesamlinga Slemme jenter er hennar fyrste bok.