Skulle aldri driva med overnatting, no opnar dei unikt landskapshotell på Voss

Han har jobba med å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar på Voss i over 30 år. No opnar han unikt landskapshotell som kan setja Voss på verdskartet.

Den nye design- og landskapshotellet Elva Hotell på Voss opna 16. juni. Hotellet har ein fantastisk plassering heilt i elvekanten, og kombinerer fantastisk natur med umiddelbar nærleik til aktivitetar som rafting, klatring og ekstremsport.

– Me tenker at denne kombinasjonen gjer oss unike i verdssamanheng, og me har allereie hatt mange begeistra internasjonale reiselivsagentar på besøk som seier det same, fortel Frode Solbakk i Voss Active.

Solbakk er administrerande direktør i Voss Active og dagleg leiar i Voss Rafting Senter, og hovudmannen bak det splitter nye Elva Hotell i Skulestadmoen. I over 30 år har han og kollegaene bidrege til nyskaping og aktivitet i bygda, gjennom Voss Rafting Senter, Klatreparken, Ekstremsportveko, parasegling og mykje anna. Men han hadde aldri planar om å driva eit hotell.

– Me følte eit kall til å utvikla eigedomen så fleire kunne få nyta denne fantastiske staden. Eigentleg har me jo alltid sagt at me aldri skulle driva med overnatting, me vil jo kunna gå heim på kvelden og ikkje tenka på jobb døgnet rundt!, seier Solbakk vidare

Eit kall

For nokre år sidan sat Frode og Voss Active-gjengen og såg utover området utanfor raftingsenteret, ved elveosen i Lundarvatnet.

– Det slo oss kor utruleg fint dette området var. Me hadde jo jobba ein del med å forskjønna området, me hadde rydda opp, hogd litt skog og laga ein liten park. Me syntes rett og slett at tomta var for fin til å bruka til privatbustad eller vanleg industri og næring. Me følte eit slags kall til å utvikla eigedomen så fleire kunne få nyta denne fantastiske staden.

Samstundes følte Solbakk og Voss Active at dei kom til eit metningspunkt på rafting og klatring, og dei trengte noko anna for å sikra god utvikling av botnlinja i selskapet.

Unikt og eksklusivt

– Me gjekk gjennom alle formar for overnatting me kom på, og kom fram til at Voss har det aller meste, frå camping og vandrarheim til historiske hotell og store moderne hotell. Det einaste me mangla på Voss var eit lite design-, boutique- og landskapshotell, som satsa på det eksklusive og unike. Me forstod og at det dette var aukande etterspurnad etter slike unike overnattingsplassar internasjonalt, seier Solbakk.

Solbakk nemner Juvet Landskapshotell i Valldal som eit eksempel på typen hotell dei var ute etter, samstundes som dei gjerne ville gjere ting litt annleis med Elva:

– Mange av dei eksklusive landskapshotella ligg langt uti naturen, der det er lang veg til alt. Me vill laga vår eigen nisje og kopla den eksklusive naturopplevinga med aktivitetar som rafting, Klatreparken, og samarbeidspartnarar som fallskjermklubben, Voss Vind og Ekstremsportveko. Me tenker at denne kombinasjonen gjer oss unike i verdssamanheng, og me har allereie hatt mange begeistra internasjonale reiselivsagentar på besøk som seier det same.

Fine dining med lokale råvarer

Hotellsjef Jeanette Lillås har tidlegare drive Voss Bryggeri, og no er ho klar for nye utfordringar på Elva Hotell.

– Eg får framleis heilt wow-kjensle når eg kjem inn på hotellet, og utsikten frå hotellromma gjev ein «sveve over vatna»-kjensle! Det er motiverande å være med på noko så spesielt. Med fjorten rom og 42 sengeplasser er jo dette eit lite og eksklusivt hotell. Då vert det tid til å gje ordentleg oppfølging og service. Eg elskar å prata med folk, yta det lille ekstra og gjera det fint rundt meg, seier Lillås.

I tillegg til naturen og aktivitetane satsar hotellet på fine dining med lokale råvarer, noko som passar perfekt for Lillås.

– Eg har alltid vore oppteken av å jobba tett med lokale produsentar. Med Elva Hotell satsar me hardt på fine dining med råvarer henta lokalt og frå regionen så langt det lar seg gjere. I vekedagane skal me ha tre retters middag, og i helgene vert det sju retters smaksmeny, fortel Lillås.

I vinden

Kristoffer Furstenberg er kommunikasjonssjef i Fjord Norge, og han er overtydd om at Elva Hotell vil verta viktig for Voss og regionen:

– Det er jo ein trend me ser, at stadig fleire er opptekne av å besøka unike overnattingssteder. Dette er i vinden internasjonalt, og prosjekter som Elva Hotell kan ha stor betydning for Voss og heile regionen, meiner Furstenberg.

– Når nokon gjer noko spennande så drypp det på fleire. Eg har eit godt eksempel: Nyleg var det ein Loneley Planet-journalist på besøk på Vestlandet, fordi han hadde fått augo opp for The Bolder, den spektakulære overnattingsstaden i Lysefjorden. Han enda med å skriva ein sak om heile turen frå Stavanger til Bergen. Slik bidrog eit hotell i Ryfylket til internasjonal omtale av heile landsdelen, fortel han.

Kommunikasjonssjefen meiner at kombinasjonen av eksklusiv overnatting, matopplevelser og aktivitetar kan vera noko som gjev gjestane ei ekstra spesiell oppleving:

– Elva vert jo ikkje berre eit hotell, men noko mykje meir, fordi dei knyttar seg så nært til alle opplevingane og aktivitetane ein har på Voss. Også er plasseringa heilt spesiell: Det vert meir enn «a room with a view», det er nesten så ein får bu i elva. Eg trur at totalopplevinga vert veldig spesiell for dei som kjem dit, seier Furstenberg.

Elva Hotell opna dørene 16. juni 2023. Sjå meir informasjon på elva.no