
Hilde Skaar aka SKAAR har det motsette av flyskrekk. Ho elskar å fly. Og debutsingelen «Higher Ground» er skriven i skyene. Langt, langt over bakken.
20-åringen verkar alltid sprudlande blid, sjølv om ho nesten er eksplosivt emosjonell. Hilde fortel om kjensler som er store og som svingar brått.
«Ikkje slik bipolare har det» forklarer ho «men meir som Vestlandsværet heime på Stord. Der kan ein gjerne oppleve alle fire årstider på ein dag.»
Og i desse svingningane oppstår friksjon som frigjer ein energi; inspirasjon og kreativitet. Og drivkraft.
Drivkrafta til å følgje draumar, som gjer utfordringar til motivasjon og som har lært henne at ho ikkje treng å være redd for litt uvær.
Verken metaforisk eller bokstavleg.
«Naturen i meg og naturen utanfor meg er kanskje litt like.» seier Hilde
«Og det er ingen stad der eg er nærare meg sjølv enn når eg er på familieplassen Skaaro. Der er det skog og strand, nærheit til kvarandre og til naturen. Og frå eg var liten har eg opplevd heilt unik friheit og tilhøyre der. Då eg skulle velge meg eit artistnavn gjekk eg for SKAAR, då det er essensen av alt eg er. Familienamn, familiestad og til og med ein liten musikalsk referanse. For når eg introduserer meg på engelsk kan ein tru at eg seier «score»; å skrive musikknotar.»
Då «Higher Ground» vart til var Hilde på veg til Stockholm for å jobbe med låtskrivarane og produsentane i MadFun.
Før avreise fekk ho vite at nokon var på jakt etter musikk til ein ny norsk spelefilm.
Ho fekk vite handlinga til filmen i korte trekk og ho fekk sjå eit klipp.
«Det var ei emosjonell scene, og eg kjende den så inderleg at eg fekk eit klart bilete av korleis eg ville at det skulle låte. Så på eit smekkfullt fly sat eg å kviskre-song inn på opptakaren på mobilen for ikkje å vekke sidemannen, og innan eg var framme hadde eg melodien og mesteparten av teksten klar.»
«Higher Ground», som allereie er lista på P3, kan ein høyre overalt frå og med 21. september – og scena som inspirerte det heile, kan du sjå i filmen «Battle» frå og med fredag 28. september.
Sjekk ut «Higher Ground» her.