Sagastad Vikingsenter lanserer unik smykkeserie inspirert av lokale vikingfunn

Verdifullt samarbeid mellom Sagastad Vikingsenter, BergArt og Sylvsmidja på Voss.

Nordfjordeid sin eigen smykkedesignar har på oppdrag frå Sagastad dykka ned i detaljane i Myklebustfunna for å finne inspirasjon til ein ny smykkekolleksjon med namnet Sagastad Vikingsmykke. Myklebustfunna er rike båtgraver frå vikingtid, som har romma store skip, unike forteljingar og fantastisk handtverk på mange ulike praktgjenstandar. Nordfjordeid sitt viktige kulturminne er vist i Sagastad Vikingsenter med det gjenbygde brende Myklebustskipet, og ei moderne utstilling som fortel historia om vikingkongen og skipet hans.

Viktige samarbeidsavtalar
Sagastad og gullsmed Kathrine Berg ved BergArt har stort engasjement for prosjektet og ønskjer å kunne tilby «ekte» reiseminner/gåver til besøkande. Det finst store mengder vikingsmykke i marknaden, men vi tek sikte på å skape noko nytt med inspirasjon frå Myklebustfunna, seier Kathrine.

At det finst ein lokal gullsmed med slikt engasjement er avgjerande for resultatet. Kolleksjonen vil innehalde unike smykke som knyter saman historie og samtid på ein nyskapande måte. Det vil stegvis kome nye tilskot til kolleksjonen dei neste åra, så her vert det mykje å sjå fram til.

Norsk design og produksjon
Produksjon og distribusjon blir ekte norsk ved Sylvsmidja på Voss. Dei har saman med smykkedesignaren stor tru på smykkekolleksjonen og vil truleg også ta den til den amerikanske marknaden i ei prelansering i midten av mars 2023. Sylvsmidja er i dag marknadsleiar innan produksjon av bunadssølv og lagar i tillegg fleire gåveprodukt i tillegg til smykkeserien Spor.

Det er avgjerande for prosjektet å ha med seg så sterke aktørar, seier Eli Førde Aarskog ved Sagastad Vikingsenter. Publikum elskar det Kathrine designar. Ho er genuin, ekte og grundig. Ho har verkeleg kosa seg med dette prosjektet, ikkje minst då ho saman med Sylvsmidja ved sjølvsyn fekk sjå vikingfunna på Historisk Museum i Bergen. Dei fekk også ein heil dag med arkeologane der som kunne bistå med svært nyttig og interessant informasjon.

Berekraftige reiseminner
Reiseliv og handel vil gjerne drive berekraftig. Oppgåva er utfordrande. Ein del handlar om å fokusere på lokale varer med kvalitet, norsk design og produksjon, gjerne basert på lokalt handverk. Prosjektet Sagastad Vikingsmykke treff på alle desse måla og blir noko ein kan vere stolte av å by fram.

Lansering til våren
Lansering av smykkeserien skal skje 20. april med eit større markeringsarrangement på Nordfjordeid. Smykkeserien skal utviklast stegvis, men det er alt i første steg snakk om ein betydelig serie.

Vi gler oss til å jobbe med dette framover og ønskjer å dele historia om Sagastad med alle som kjøper smykke. Ved hjelp av ei lita brosjyre i alle øskjene med smykke får kundane også historia med på kjøpet. Dette skal leve sitt eige liv og inspirere mange til å oppsøke vikingmagien på Nordfjordeid. Kanskje får vi putta nedi øskja ein liten trebit med tjærelukt frå båten som eit perfekt minne, eller som inspirasjon til neste besøk?

God marknadseffekt for aktørane
Både Sagastad Vikingsenter, BergArt og Sylvsmidja kan få auka marknadseffekt av samarbeidet og gler seg over det. Historia om den kreative gullsmeden i bygda, den dramatiske vikinghistoria og smykkeprodusenten på Voss, er historia om ein symbiose som kan nå langt ut og bli ein økonomisk drivar for alle partane. Ungdom frå regionen vil i tillegg bli positivt engasjert i vikingfunnet og slik ha med seg vikinghistoria på ein spanande måte.

Sagastad Vikingsenter – eit utviklingsprosjekt
Sagastad Vikingsenter har hatt tøffe år under pandemien, men har likevel vore svært aktive med fleire store utviklingsprosjekt både på eigen kjøl og i samarbeid med andre. Destinasjon Nordfjordeid er i stor vekst takka vere auka fokus på produktutvikling, samarbeid og marknadsføring.

Interessant samarbeid med vidaregåande skule
Sagastad og BergArt vil få med seg elevar frå Eid Vidaregåande Skule som vil bli med å velje rette eksponeringa i Sagastadbutikken. Linja, som heiter interiør og eksponering, vil få i oppgåve å lage utstillingsmateriell og kome med innspel om korleis ein best kan framstille smykka i butikk. Eit samarbeid som vil vere verdifullt og lærerikt for alle partar. At dei unge i bygda slik får ein unik innfallsvinkel til å bli kjende med kulturminnet vårt er sjølvsagt også svært bra.

Den vidaregåande skulen på Nordfjordeid er tett knytt til næringsliv og aktivitetar i bygda, til dømes scenografi til operaframsyningar og utstyr til Malakoff Rockfestival. Eller som no, å få utforme ei utstilling av ein heilt ny, lokalt designa smykkeserie basert på funna frå det 1200 år gamle brende skipet.

Kontaktinfo:

Sagastad Vikingsenter, Dagleg leiar Eli Førde Aarskog eli@sagastad.no. Tel. 415 00 215.

BergArt, Gullsmed Kathrine Berg, kathrineheime@gmail.com, Tel. 918 09 076.

Sylvsmidja, Sal og produktutvikling, Anders Fagerthun, anders.fagerthun@sylvsmidja.no, Tel. 924 45 581.