Ny roman for ungdom av prisvinnar Tone E. Solheim

Tretten år gamle Vida stammar, m-m-masse. Og som om ikkje det var nok, har bestevenninna hennar nettopp flytta sin veg, og Vida må byrje i niande klasse utan henne. Mamma skjønar som vanleg ingenting, og meiner Vida lett kan finne seg nye vener. Men korleis skal Vida klare det, når ho ikkje ein gong klarar å seie sitt eige namn?

Ein dag byrjar Viktor i klassen til Vida. Viktor har cerebral parese og haltar på eine foten, men likevel blir han inkludert med ein gong. Kva er det Viktor gjer, som Vida ikkje får til? Og finst det noko ho kan gjere for å legge stygge, stotrande stamme-Vida bakom seg, ein gong for alle?

Eg er V-vida er ein varm og rørande roman om å finne si eiga stemme, om den første forelskinga og om ekte vennskap.

Tone E. Solheim (f. 1989) debuterte med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta i 2021. For denne mottok ho Nynorsk barnelitteraturpris og blei nominert til Uprisen. Eg er V-Vida er den andre romanen hennar. Solheim kjem frå Jølster og bur i Bergen.