Ny og humoristisk barnebok frå prisvinnande forfattar Arnfinn Kolerud

Ivar er tolv år og har fått ein knusande beskjed frå foreldra: lommepengane snur, no må Ivar betale lommepengar til mor og far. Frå no av er det Ivar sin tur til å bidra. No må Ivar skaffe seg ein sommarjobb, men korleis gjer ein eigentleg det? Venninna Maja har fått seg ekte sommarjobb på kafé. Ho serverer suppe til gjestar og brettar fine serviettar. Ein dag dukkar det opp ein irriterande gut på kafeen. Han heiter Mons. Men er ikkje Mons berre eit dumt kattenamn? Og kvifor går Mons rundt og ber på ei dustete padleåre?

Ivar får ansvar er ei morosam og absurd historie om lommepengar, sommarjobbar og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre. Kolerud er kjend for lågmælte og humoristiske bøker for barn, unge og vaksne, og gjorde m.a. stor suksess med barneboka Snillionen i 2017. Boka var ei av 12 utvalde bøker som vart presenterte på filmfestivalen Berlinalen (i Berlin) i februar 2018, som spesielt eigna for filmatisering. Ivar får ansvar er utvikla i samarbeid med Leser søker bok.

Arnfinn Kolerud (f.1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Kolerud har vore nominert til Brageprisen og vunne Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris.