Ny biografi om cowboyen, bonden og Farmen-deltakar Arvid Mæland

Pressemelding –

Fredag 13. oktober kjem boka om cowboyen, bonden, jærbuen og no også Farmen-deltakar Arvid Mæland. Han kom inn i realityserien som utfordrar førre søndag. I boka Mitt liv som comboy byr forfattar og journalist Håvard Ovesen på Mælands røverhistorier og livsalvor.

Mange har blitt kjende med Arvid Mæland gjennom NRK-serien Cowboyen og Kongen. Men kven er han eigentleg? Eit ekte mannfolk? Ein villbasse? Ein tulling? Eit geni? Håvard Ovesen har hatt mange samtalar med Mæland for å finne svar på desse spørsmåla. Boka er full av private foto frå ein sann eventyrar, men inneheld også innblikk i kva det kostar å leva med ADHD og stadig tankespinn, uro og ustyrleg skaparkraft.

Mæland er ein type som sjarmerer, engasjerer og irriterer. Det siste ville påfunnet hans er å hogga ut hovudet til kong Harald i fjellet over garden Lauperak i Bjerkreim der han bur. Mæland sitt liv er langt frå A4. Han køyrde sjølv til skulen med lastebil i fjerde klasse, tok med seg esel då han vart kalla inn til førstegongsteneste og kjøpte ein gigantisk ranch i Arkansas på impuls.

Mæland har nærast reist verda rundt som ein utradisjonell reiseleiar, og i vaksen alder fekk han ADHD-diagnose. Mæland har hatt sin del av motgang, men er ein kløppar til å snu ein kvar situasjon til ei positiv oppleving, både for seg sjølv og for dei rundt. Det er ikkje alltid det går i pluss, men det er heller ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at det skjer noko nytt.

Håvard Ovesen (f. 1979) er journalist i Jærbladet. Han er utdanna medievitar frå Universitetet i Cape Town og har tidlegare jobba i Gjesdalbuen, Sandnesposten og Solabladet.