Nordisk Elena Ferrante, Marit Eikemo, Mette Karlsvik og åtte nye titlar i Nobelserien til Jon Fosse på Samlagets vårliste 2024

Samlaget har ei sterk skjønnlitterær denne våren, for både barn, ungdom og vaksne.

Her finn du oversikt over alle vårens titlar med omtalar: https://samlaget.no/collection…

Kort om alle vårens bøker:

Londonjenta av finsksvenske Susanne Alakoski er band to i Bomulls-kvartetten og kjem ut 1.2. Boka er ein oppfølgar til Bomullsengelen som kom ut til strålande kritikkar våren 2023. Alakoski skriv om fire generasjonar kvinner i Finland og Sverige, og måten ho skriv om kvinneliv i Norden har blitt samanlikna med Elena Ferrante. Alakoski set lys kvinneerfaringane, med stor kunnskap og nærleik.

I mai kjem Marit Eikemo med Vi er brødrene Eikemo, ein personleg sørgesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt. Eikemo fortel med varme om ei far og ei dotter, om ein familie, om ei slekt, om industristaden Odda, og ei tid og eit lite stykke Norge.

Mette Karlsvik skriv ærleg, rått og direkte om begjær og sårbarheit i eit forhold som oppstår på Tinder. Vi følgjer hovedpersonen i Året har tretten netter gjennom søvnlause netter, i førebuingar til møte, i analysar av meldingstrådar, samtaler og eigen veremåte, og gjennom kvardagar der alt dreier seg om mannen M. Lansering i mars.

I den nye Nobelserien med Jon Fosses forfattarskap kjem det åtte nye titlar, mellom anna Kvitleik, Hundemanuskripta og Nokon kjem til å kome.

Samlaget har to skjønnlitterære debutantar denne våren. I diktsamlinga Var det grønt fortel Ida Hove Solberg ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest, som spring ut av ein klar augeblink i ei elles mørklagd verd etter miljøkatastrofen.

Ingvill Kjærstein debuterer med romanen Austvestpassasjen. Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leilegheit og held seg mest for seg sjølv, for ho orkar ikkje dei stadige blikka og spørsmåla som minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Austvestpassasjen er ein roman om frykt, språk, einsemd og tiltru. Om å gje seg over til ein annan kultur og framande menneske.

Martin Baldysz skildrar i romanen Fallgard eit tradisjonelt øysamfunn der tenåringen Ingeborg møter den eldre Olaug. Møtet deira, og den nye tida som er på veg, set i gong store endringar i Ingeborg.

Romanen Nålehuset av Kristin Tveiten startar med eit møte mellom to menn godt oppi 80-åra. Den eine prøver å drepe den andre. Korleis har dei hamna der?

Thor Magnus Tangerås tek i lyrikksamlinga Landskap med vindturbinar tak i det tragiske forholdet menneska har til naturen. Vi elskar den urørte naturen, likevel øyrdelegg med han. Mathias R. Samuelsen og Rune F. Hjemås har redigert og omsett eit nytt utval poetar i Amerikansk poesi 2. Kristina Leganger Iversen tek opp begjærets gråsoner i Det sanne og det synlege.

I Fair Isle-strikk . Gensarar, luer og vottar med fargar frå naturen presenterer Carina Olsson mønsterstrikk frå den rike Shetlanske strikketradisjonen.

Bøker for barn og ungdom:

På barneboklista finn ein morosame Arnfinn Kolerud som skriv om Ivar som no må betale lommepengar til mor og far, i romanen Ivar får ansvar for 9-12 år.

Veronica Erstad kjem med Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje er ei varm og humoristisk historie om å ville bli sett, om gode vener og om søskenkjærleik.

Erling A. Westgaard Flote debuterer med ungdomsboka Utveg; om vennskap, om det å vekse opp og finne ut at vaksne ikkje alltid gjer det rette, og kanskje finne nye vegar ein ikkje visste fanst.

Guro S. Auganes debuterer med Katteskriket; ei mystisk spøkelseshistorie i Maria Gripe-stil.

Ørjan Zazzera Johansen står bak boka Erling Braut Haaland. Frå liten til størst, der vi får vite korleis Erling trente då han var liten, kva som inspirerte han, og kven såg han opp til og mykje meir.

Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong er skriven av arkeolog Eirin Holberg og illustrert av Åshild Irgens.

Inger Lise Belsvik kjem med Oske; ei biletbok som inviterer til samtale om kva døden er, og om korleis ein kan leve vidare når nokon ein er glad i, er borte.

Fire minutt over tolv er ein særeigen og vakker barneroman, skriven i ein lett og humoristisk tone. Conny Palmkvist skriv både om det som gjer vondt, om korleis ein kan handtere det, og om gullkanta magi. Boka er seld til åtte land. Frå svensk ved A. Audhild Solberg.

Sunniva Relling Berg kjem med Soldagen, ein lettlesen action for ungdom. Martine Grande kjem med Ringen, ei Leselandbok for dei som lærer å lese.