No kan du sovne til panoramautsikt mot Stadhavet på Vestkapp

Endeleg blir det mogleg å ligge i ei komfortabel dobbeltseng på Vestkapp med panoramautsikt utover Stadhavet. Her kan alle kome og nyte ei overnatting utanom det vanlege etter ei utsøkt servering i restauranten. Du får oppleve vêret slik det er på Vestkapp, frå vindstille og sol til kraftig vind og regn.

Vestkapp restaurant har inngått samarbeid med Gloppa AS om å drifte to utleigehytter. Hyttene er «off grid», noko som betyr at dei er frittståande og sjølvforsynt med lys, toalett og varme ved hjelp av gass og solceller. Dei vil bli ståande kun i sommarsesongen 2023 og 2024, så her gjeld det å nytte høvet! Gloppa AS har spesialisert seg på flyttbare hytter med høg komfort og store vindaugsflate slik at dei besøkande kan ta inn den storslagne naturen på Vestlandet til fulle. På Vestkapp er det ei magisk utsikt, og her kjem hyttene verkeleg til sin rett.

– «dette vil vere ei vill og vakker oppleving som endeleg er mulig på Vestkapp. Vi har i mange år hatt lyst til å få dette til og no er det snart ein realitet», seier Kristina Myrseth på Vestkapp Restaurant.

Vestkapp – Vestlandet sitt Nordkapp
496 meter over Stadhavet, på fjellplatået Kjerringa, ligg vakre Vestkapp som er eit av dei mest spektakulære og vestlegaste utsiktpunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. Vestkapp er eit turistmål med flat vidde, bratte skrentar og imponerande panoramautsikt i alle himmelretningar. På godvêrsdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. 

Hyttene vil vere tilgjengeleg kun på sommarstid, og første overnatting er mogleg frå 12. juni 2023, og vil vere tilgjengeleg for leige ut september. Dei kan bookast via www.vestkapp.no. Nytt sjanse til å oppleve noko storslått og minneverdig denne sommaren – opplev kysten på ein heilt ny og nær måte.

Ved eventuelle spørsmål:

Ta kontakt med Kristina Myrseth ved Vestkapp restaurant Tel. 907 18 165.