Maria Parr er nominert til Bokhandlarprisen 2023

Oskar og eg er einaste barnebok av dei ti nominerte til Bokhandlarprisen. Parr har vore nominert til Bokhandlarprisen to gonagr tidlegare, i 2009 og 2017. Det er tilsette i bokhandel som stemmer fram sin favoritt blant årets bøker, innanfor alle sjangrar.

Parr seier dette om nominasjonen: «Dette er veldig stas! Og hjarte gjer eit ekstra sprett fordi eg blir så glad kvar gong barnebøker på heilt sjølvsagt vis er med i samtalen om litteraturen vår.»

Oskar og eg har hausta svært god kritikk frå eit samla pressekorps, og boka har toppa bestseljarlista fleire veker i haust. Boka er illustrert av Åshild Irgens.

Vinnaren blir annonsert under prisutdelinga på Litteraturhuset i Oslo 14.november.