Lansering av Juleroser 2023 med Herborg Kråkevik som redaktør og bidrag frå H.M. Dronning Margrethe II av Danmark, Sissel Kyrkjebø, Hanna og Linn Ullmann, Daniel Kvammen, Christer Karlstad og fleire

3. november kjem Juleroser 2023 som er det niande i rekka. Juleheftet har bidrag frå mellom andre Sissel Kyrkjebø, Jane Kenyon i Hanna og Linn Ullmann si gjendikting, Kjersti Annesdatter Skomsvold, Gaute Heivoll, Roar Kjærnstad, Dag O. Hessen, Helene Knoop, Kjartan Fløgstad, Randi Fuglehaug, Anne Marit Austbø, Jacob Gløersen, Einar Økland, Danny Larsen, Marianne Heske og Alf C. Hvaring. Kvart år inviterer Herborg Kråkevik ein musikar til å skrive ein ny julesong. Årets song, «Frosne hjarte», er det Daniel Kvammen som har laga.

Ein får gleda av å sjå den vakre og unike decoupagekunsten som H.M. Dronning Margrethe II av Danmark har laga til klassikaren Snedronningen av H.C. Andersen. Den raude tråden i årets hefte er snø. I kvart hefte følgjer trekunsttrykk med som ein kan ta ut og ramme inn. Årets framside er spesiallaga for Juleroser av Christer Karlstad.

Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.

Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Story House Egmont AS.

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015.