Iskald magi og varm søskenkjærleik på Hovudscenen

Pressemelding –

Frost er snart premiereklar på Det Norske Teatret.

DISNEYS FROST: MUSIKALEN
PREMIERE 14. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Det må ut, syng Elsa av Arendelle og slepper kreftene laus. Over scenen virvlar snø, is og kulde. Ho er endeleg fri og treng ikkje halde tilbake kjenslene sine. No kan ho omfamne den ho eigentleg er.

Under det nordiske lyset er eventyret om Elsa og Anna i ferd med å finne form på Det Norske Teatrets Hovudscene i musikalen Frost. Kongsgarden, isfjella, badstovene, det magiske «løynde» folket og innbyggarane i Arendelle – alt er på plass når søstrene legg ut på den farefulle ferda frå barndommens trygge hamn. Gjennom dramatiske hendingar og vågefulle eventyr blir dei to søstrene sett på store prøver. Men det viser seg at kjærleiken mellom dei er det som gjer Elsa i stand til å kontrollere kreftene sine.

Høyr Mimmi Tamba synge Det må ut! :

Snøstorm på scenen

Mimmi Tamba/Julie Moe Sandø spelar rolla som isdronninga Elsa. Ina Svenningdal/Tiril Heide-Steen er veslesøstera Anna. Saman med eit ensemble på 18 skal dei skape magi når heile det enorme scenerommet på Det Norske Teatret kjem i spel. Regissør Gísli Örn Garðarsson er kjent for sine leikne, fantasieggjande og kreative oppsetjingar. Med seg på laget har han sin faste scenograf Börkur Jónsson, som no har kreert alt frå ballsalar i tradisjonelle nordiske kongsgardar til spektakulære vinterlandskap der temperaturen skiftar brått. Christina Lovery har ansvaret for kostymedesignet, og ikkje berre har ho skissa 115 kostyme, men er også den som skal skape ein ny versjon av ein av verdas mest berømte kjole, den isblå kreasjonen til Elsa.

Ny versjon i dei nordiske landa

Frost er basert på den originale Broadway-produksjonen Frozen, Disney-filmen med same namn og det opphavlege eventyret «Snedronningen» frå 1844 av H.C. Andersen. Eventyret hentar inspirasjon frå geografiske, mytologiske og kulturelle tradisjonar i den nordiske kulturfellesskapen. I samarbeid med Vesturport vil Det Norske Teatret bringe vår eigen bakgrunn frå Frost inn på scenen i denne nye musikalversjonen. Dei kjente låtene kjem i Runar Gudnason omsetjing og «Let it go» er i det nynorske versjonen blitt til «Det må ut». Vidare er “Vil du med å bygge snømann” og «For den aller første gongen» med, saman med dei andre hit’ane frå filmen. I tillegg inneheld musikalen Frost eit gjennomkomponert verk som inkluderer 12 nye songar frå dei Academy Award-vinnande songskrivarane Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez.

På verkstadane blir det jobba på spreng for å skape magien i Frost. Les meir

Ein heilt ny sceneversjon av Disney-musikalen Frost er på veg til dei nordiske landa. Først ute er Noreg. Regien er ved den kunstnarlege leiaren ved Vesturport Teater, Gísli Örn Garðarsson. Sidan skal denne versjonen vidare til Sverige, Finland, Island og Danmark.
Les meir om samarbeidet her.

Filmen Frost blei den mest innbringande animasjonsfilmen nokon gong og den mest innbringande musikalfilmen da han kom i 2013.
Les meir om den originale Broadway-produksjonen.