Humoristisk og frisk barnebok om å vere perfekt uperfekt signert Ingunn Thon

Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor kontoret til rektor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han speler fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon. Men når den nye kontaktlæraren seier til Orion at han ikkje treng å vere så perfekt heile tida, skjer det noko rart. For når han vaknar dagen etter er han blitt heilt bajas. Kroppen gjer som han vil, og Orion har ikkje kontroll. Korleis skal det gå på konserten når han ikkje kan spele ein einaste riktig tone?

Full bajas er ei morosam og sjarmerande bok om ein gut som alltid lev opp til andre sine og eigne skyhøge forventingar og om kor frigjerande det er å gjere det ein sjølv ønsker. Målgruppe 9-12 år.

Boka er illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.

Lansering 12.september

Ingunn Thon (f.1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Ark barnebokpris og KUD debutantpris. Ho er journalist og tekstforfattar, og har mellom anna jobba i NRK Super.