Heilt ny iscenesetjing av Frost i dei nordiske landa

Vesturport i samarbeid med Det Norske Teatret, Nasjonalteateret på Island, Stockholm Stadsteater og Helsingfors Stadsteater sin versjon av Disneys Frost.

DISNEYS FROST: MUSIKALEN
PREMIERE 14. OKTOBER 2023
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

  • Ein heilt ny sceneversjon av musikalen er på veg til dei nordiske landa Noreg, Island, Sverige, Finland og Danmark.
  • Kunstnarleg leiar ved Vesturport Teater, Gísli Örn Garðarsson, skal saman med eit anerkjent kunstnarleg lag skape ei ny oppsetjing av Frost. Manus og songar er frå Broadway-musikalen, som er basert på den kritikarroste filmen.
  • Produksjonen er eit samarbeid mellom fem teater, med premiere på Det Norske Teatret i Oslo den 14. oktober.
  • Frost blei opphaveleg produsert av Disney Theatrical Productions og hadde premiere på Broadway på St. James Theatre i mars 2018, med det største førehandssalet i Broadway-historia.

Vesturport Teater, med den kunstnarlege leiaren, islendingen Gísli Örn Garðarsson, i front, skal skape ein ny versjon av Disneys musikal Frost, i Noreg, Island, Sverige, Finland og Danmark. Produksjonen er eit samarbeid mellom Vesturport og Det Norske Teatret i Oslo, Nasjonalteateret i Reykjavik, Stockholm Stadsteater og Helsingfors Stadsteater. Det danske samarbeidsteateret vil bli offentleggjort på eit seinare tidspunkt.

Saman skal desse teatera skape ein ny sceneversjon av musikalen som opphaveleg er produsert av Disney Theatrical Productions. Som på Broadway vil denne iscenesetjinga av Frost ha musikken og songtekstane til dei Academy Award-vinnande songskrivarane Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez, med manus av den Academy Award-vinnande dramatikaren Jennifer Lee. Gísli Örn Garðarsson har regi på denne nye sceneversjonen, og har med seg eit kunstnarleg lag som inkluderer scenograf Börkur Jónsson og kostymedesignar Christina Lovery. Desse skal ta i bruk heile den nordiske fargepaletten i arbeidet sitt.

Frost er basert på Disney-filmen med same namn og det opphavlege eventyret «Snedronningen» frå 1844 av H.C. Andersen. Det er historia om to søstrer: Elsa som er isolert med ein mystisk hemmelegheit og Anna som legg ut på ei reise for å redde henne.

Eventyret hentar inspirasjon frå geografiske, mytologiske og kulturelle tradisjonar i den nordiske kulturfellesskapen og vi er begeistra over å kunne bringe vår eigen bakgrunn frå Frost inn på scenen i denne nye og spennande teaterstorhendinga. Frå scenen får du høyre “La det gå” og “Skal vi lage snømann” saman med dei andre hit’ane frå filmen, og eit gjennomkomponert verk som inkluderer 12 nye songar frå dei opphavelege Academy Award-vinnande songskrivarane. Desse er skrive spesielt for sceneversjonen.

Frost vil ha premiere på Det Norske Teatrets Hovudscene 14. oktober. I februar 2024 kjem framsyninga til Reykjavik, og så følgjer Stockholm, Helsinki og København etter med premierer som vil bli annonsert seinare.

Begeistringa over musikalen og samarbeidet er stor i alle dei nordiske landa:

Regissør Gísli Örn Garðarsson seier følgjande om oppdraget han har fått om å setje Disneys Frost i scene:
– Å få lov å ta Frost heim til Norden er i ei stor tillitserklæring frå Disney. Og ei ære! Eg storgleder meg til å lage den nordiske versjonen av hit-musikalen Frost.

Teatersjef Erik Ulfsby frå Det Norske Teatret:
– Å få skape den eventyrlege vintermagien som ligg i Frost-universet er ei oppgåve teateret slår floke i begeistring av å gå laus på. Vi er glade for at Disney gir oss denne moglegheita.

Teatersjef Magnús Geir Þórðarson ved Nasjonalteatret på Island:
– Vi ser i spenning fram til å presentere ein heilt ny sceneversjon av dette høgt elska verket, basert på nordiske segn, og som ein av våre leiande regissørar, særleg kjent for sine leikne, fysisk ekspressive og kraftfulle oppsetjingar både på Island og i utlandet, skal setje i scene.

Teatersjef Maria Sid ved Stockholm Stadsteater:
– Vi er veldig nøgde med å vere del av dette samarbeidet om å skape ein nordisk versjon av den klassiske forteljinga av HC Andersen. Saman med vennene våre på Island, I Noreg, Finland og Danmark kan vi overføre denne musikalen inn i si nordiske ramme.

Teatersjef Kari Arffman ved Helsingfors Stadsteater:
– Gjennom mange år har vi sett opp fleire Disney-musikalar ved teateret vårt, men dette er første gongen vi er med og skapar ein i eit nordisk samarbeid. Å få lage Frost på denne måten er dobbelt stas!

Senior visepresident og country manager for Disney i Norden og Baltikum, Hans van Rijn, supplerer:
– Det nordiske publikummet har trykt Frost og karakterane frå denne forteljinga til sitt bryst heilt frå filmen kom ut for ti år sidan. Eg kan ikkje førestille meg ein betre måte å feire dei mange entusiastane på enn med den første nordiske adapsjonen av musikalen. I denne versjonen vil både manuset og musikken som vi i Disney skapte for Broadway vere med, men denne gongen vil regien og den kunstnarlege innpakkinga vere av eit nordisk kunstnarleg lag. Vi ser verkeleg fram til å arbeide med Gísli Örn Garðarsson og teatera når dei no skal bringe liv til dette kulturelle fenomenet på scenen.

Om Frost og den originale Broadway-produksjonen:

Frost er produsert av Disney Theatrical Productions. Frost hadde premiere på Broadway på St. James Theatre i mars 2018, med det største førehandssalet i Broadway-historia. Frost var også den nye musikalen som tente inn mest i sin sesong det første året på Broadway. Musikalen har spreidd seg raskt, og turnerer no i Australia og Nord-Amerika, på West End i London, i Japan og i Hamburg.

Animasjonsfilmen Frost frå Disney hadde premiere 19. november 2013 og blei ein favoritt både hos kritikarane og på kino. Filmen spela inn meir enn 1,28 milliardar dollar på verdsbasis og blei den mest innbringande animasjonsfilmen nokon gong og den mest innbringande musikalfilmen, før han blei slått av den nye versjonen av Løvenes konge i 2019. Frost II hadde den beste opninga på verdsbasis nokosinne for ein animasjonsfilm, og har sidan spela inn 1,45 milliardar dollar på verdsbasis.

Den første filmen vann to Academy Award-prisar – beste animasjonsfilm og beste originale song («Let It Go») – og to Grammy-prisar, for best samansette lydspor til eit visuelt medium og beste song skriven for eit visuelt medium («Let It Go»).