Hausten 2023 på Det Norske Teatret

Dei fleste har kanskje allereie fått med seg at Det Norske Teatret inngår i eit stort samarbeid om å lage ei heilt ny nordisk iscenesetjing av musikalen Frost. Men hausten byr på mykje meir. Det blir også sagprosateater med Lars Myttings Heil ved, Fossefestival, ny framsyning frå Bjarte Tjøstheim og ny produksjon med kunstnarduoen Vinge/Müller i tillegg til ein periode med gratis teater på Scene 3.

Lars Mytting trefte ei nerve i det norske folket med boka Hel ved, portrettet av ein norsk vedfyringstradisjon som i generasjonar har vore brakt vidare. Kva gir den beste veden? Korleis skal ein stable ved for å tørke han på best mogleg vis? Og kva vil det seie å vere heil ved?
Dette og mykje anna skal Det Norske Teatret forsøke å finne ut, når det blir haust og kulda set inn. På scenen i Heil ved står fire av teaterets meir skogskyndige skodespelarar, i lag med musikar Stein Torleif Bjella, som også er småbrukar med veaskog. Regien er ved teatersjef Erik Ulfsby.
Urpremiere 12. november på Hovudscenen.

Bjarte Tjøstheim debuterte på teaterscenen med soloframsyninga Det går betre no på Det Norske Teatret i 2018. Framsyninga spelte for fulle hus og har sidan vore på turné rundt i heile Noreg. Tilgi meg er eit nytt sorgmuntert stykke av og med Tjøstheim, der komikaren og prestesonen med vaklande gudstru ber om tilgiving, ikkje berre frå høgare makter, men også frå alle rundt seg. Men vanskelegast av alt blir det kanskje å tilgi seg sjølv.
Urpremiere 13. oktober på Scene 2.

Kor går grensa for menneskas ansvar? Kan enkeltmennesket bli halde ansvarleg for sine eigne handlingar, eller ligg det eit nivå over oss, som kan orsake oss for feiltrinna våre? Det er ikkje små spørsmål som blir stilte i Aiskylos´ tragedie frå år 458 f.kr. Oresteia i Jon Fosses versjon skulle eigentleg hatt premiere hausten 2021, men får endeleg møte publikum når den opnar teaterhausten og den 3. Internasjonale Fossefestivalen.
Premiere 1. september på Hovudscenen.

At Jon Fosse kjem med eit nytt drama, er alltid ein liten sensasjon i teaterverda. I svarte skogen inne er eit eksistensielt spenningsdrama om einsemd, lengsel, avmakt og skam. Det er ei mektig forteljing om å gå seg vill, i skogen, som i livet. For som den unge mannen seier: «Eg finn aldri fram til noko. Ikkje til bilar, ikkje til folk».
Oslo-premiere 3. september.

Vinge/Müller er igjen klare for å ta over Scene 2. Dette skjer under Den internasjonale Fossefestivalen med premiere den 9. september. Aldersgrensa er framleis 18 år.
Premiere 9. september på Scene 2.

Den Internasjonale Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994. Festivalen skal romme både internasjonale gjestespel og eigne produksjonar, samt eit fagprogram som tar sikte på å utforske dramatikken frå ulike perspektiv.

Den 3. internasjonale Fossefestivalen byr på eit gjensyn med eigenproduksjonen Trilogien. Vi ventar også gjestespela Tid for glede/Jours de joie av Arne Lygre frå franske Odéon-Théâtre de l’Europe, Jon Fosses drama Varmt/Warm frå det legendariske belgiske teaterkompaniet STAN og Spelejenta/Dziewczynka ze skrzypcam frå det polske dokketeatret Teatr Baj.
I tillegg er I svarte skogen inne, Oresteia og produksjonen til Vegard Vinge og Ida Müller del av festivalen.
Den Internasjonale Fossefestivalen 1. – 9. september.

Kva skal teateret vere, korleis utvikle kunstforma, og – ikkje minst – kva skal det koste? I ei tid der mange ikkje ser på teaterbesøk som ei reell moglegheit, er det viktigare enn nokosinne å halde oppe teaterets kraft, meiner teatersjef Erik Ulfsby. Derfor har han valt å la heile 60 dagar vere gratis på Scene 3.

Gratisperioden varar frå midten av oktober og fram til jul, og opnar med farsen Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! av Dario Fo i Bartek Kaminskis regi. Dei yngste kan oppleve eventyret Hans og Grete med Charlotte Frogner på regi. I tillegg vil det komme ei rekke enkeltståande arrangement, samtalar, debattar, konsertar og visingar av og med ensemblet på teateret.

Alt kan skje, og, som namnet tilseier: Alt er gratis* og med 100 % rabatt!
Frå 19. oktober på Scene 3.

I ei heilt ny iscenesetjing i dei nordiske landa. Frost er basert på Disney-filmen med same namn og det opphavlege eventyret «Snedronningen» frå 1844 av H.C. Andersen. Det er historia om to søstrer: Elsa (Mimmi Tamba) som er isolert med ein mystisk hemmelegheit og Anna (Ina Svenningdal) som legg ut på ei reise for å redde henne.

Frostrosar, kulde og snøkrystallar vil dominere Hovudscenen når Det Norske Teatret får premiere på Disney-musikalen Frost i ein non-replika-versjon av Broadway- og West End-suksessen. Er blod tjukkare enn is? Når stormen herjar som verst, er det berre ei handling av ekte kjærleik som kan tine eit frose hjarte. Framsyninga er eit samarbeid med Vesturport Teater i Reykjavik, og regissør er Gisli Örn Garðarsson.
Noregspremiere 14. oktober på Hovudscenen