Gaute M. Sortland aktuell med ny novellesamling; «Sanne historier»

Menneska i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme går livet vidare. For dei fleste.

«Det var dagar då eg fekk lyst til å helle ein tynn stråle ut av tuten på kaffikjelen og ned på handbaken, og stå slik på kjøkenet og telje sekund, sjå kor lenge eg klarte å halde ut før eg stakk handa under den kalde vasstrålen. Men i dag kunne eg ikkje tillate meg slikt tull. Nei, i dag ville eg drikke kaffi som eit vanleg menneske.»

Lansering på Bergen bibliotek kl 18 21.9.
https://rb.gy/2vtj6

Gaute M. Sortland er svært kritikarrost for novellene og korttekstane sine. Her er litt frå tidlegare mottaking av bøkene hans:

Smått og godt. Stemningsfulle småtekster med vidd og vett […] De er noe helt for seg selv.

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Det er ei nydelig lita bok…Gaute Sortlands øyeblikksbilder blir værende i kroppen.

Ellen Sofie Lauritzen, Dagsavisen

«Rett og slett tettpakket med godsaker.»

Bjørn O. Mørch Larsen, Bergensavisen

«godt skrevet, har store doser sjarm og humor, og innslag av det burleske og farseaktige, absurde og surrealistiske. […]» Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

» en særegen leseropplevelse.»

Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

«Gaute M. Sortland skriv knakande godt om noko du knapt tør å lese om

Ingvild Bræin, Dag og Tid


Gaute Sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og sidan har han gitt ut ein ungdomsroman og fleire kortprosa- og novellesamlingar. Sanne historier er den åttande boka hans. Gaute M. Sortland er òg kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.