Evig frisk med isbading – i fleire hundre år?

Vinterbading har vorte svært populært dei siste åra, men visste du at jolebad har vore ein viktig del av den norske joletradisjonen i fleire hundre år? – Endorfinane boblar og det er veldig sosialt, seier isbadar Tove Jacobsen om tradisjonen.

Den årlege kroppsvasken

Dei siste åra har stadig fleire fått augo opp for is- og vinterbading. Ikkje berre er det ein spennande fysisk utfordring, men også ei sosial hending som mange meiner kan gi positiv helseeffekt i form av betre immunforsvar og auka velvære.

Men dette har ikkje alltid vore hovudgrunnane til vinterbad her i landet.

Historisk sett var jolebadet ei årleg storhending som for mange var eit sjeldan høve til ein full kroppsvask. Den kjende samfunnsforskaren Eilert Sundt beskreiv desse tradisjonane på 1800-talet, og viste korleis jolebadet var ein viktig del av førebuingane til jolehøgtida. Han viste til både badstovebad, lauging i oppvarma vatnkar og symjing og lauging i sjø og elv som etablerte tradisjonar gjekk langt tilbake, men som i hans samtid opplevde tilbakegang.

Gledeleg jol og godt laug!

Isbading
Er jolabadet opphavet til den nye isbade-trenden?

Det historiske norske jolebadet vart ofte gjennomført på vetle jolaftan eller sjølve jolaftan, og gjekk gjerne føre seg slik, ifølge Store norske leksikon:

Familiens overhovud – mannen – var den fyrste som fekk bada, følgd av kona, og deretter barn og tenestefolk. Etter badet tok dei på seg reine klede og var klare til jolefeiringa. Det høyrde gjerne ein dram med til jolebadet, som kunne serverast før, under eller etter badeseansen. Ein mykje brukt skål var «Gledeleg jol og godt laug!». Forskjellige stader i landet hadde ein ulike lokale skikkar knytt til badinga, som øldrikking og samvær mens ein venta på tur.

Friskusar med nisselue

Isbading

Det tradisjonelle jolebadet er relativt ukjend for mange, men samstundes har det vorte stadig meir populært med isbading og lauging i form av bad i sjøen. Badstover – både private og offentlege – har også opplevd auka popularitet dei siste åra.

Tradisjonane lever til dels vidare, saman og side om side med det meir «friskusprega» moderne isbadet og fokus på positive helseeffektar.

Den moderne forma for jolebad inkluderer ofte jolemusikk, levande lys, nisseluer og generelt festleg lag.

Ein kald start på veka

Det finst fleire grupper med ivrige is- og vinterbadarar på Voss, og me har fått vera med ei av dei på måndagsbad ved Vandrarheimen – med nisseluer på!

Dei åtte pensjonistdamene dyppar seg i Vangsvatnet kvar måndag, uansett vêr og isforhald, med pause på sommaren.

– Når folk flest sluttar å bada byrjar me, seier Tove Jacobsen, ei av dei som har «vinterbada» lengst i gruppa.

Denne måndagen er dei ved Vandrarheimen, utstyrt med nisseluer og opptil fleire heimestrikka ullbikinier. Latter, anekdotar og badetips sit laust i badstova, og entusiasmen for vinter- og isbading-konseptet er sterk!

Isbading
Mellom badeøkten får damene varmet att i badstova.

Evig frisk

Badegruppa består av Tove, Marit, Eli, Astrid, Margunn, Eva, Olaug og Jorunn.

– Me har funne ut at åtte er det perfekte antalet, både sosialt og slik at me får plass i badstova, hjå Voss Vandrarheim. Når det er nokon som ikkje kan er det alltid andre damer som står klare til å hiva seg med i meldingsgruppa, seier Wæhle.

Gruppa har ikkje noko namn endå, men så snart spørsmålet kjem opp vert det slengt ut fleire gode forslag frå damene i badstova:

– «Badegjengen frisk» då, me er jo friske?

– «Evig frisk», kanskje?

Isbading
Pust djupt og finn roen i vatnet, er det klare rådet.

Pust djupt!

Den utsendte reportaren skal prøva seg på vinterbading for fyrste gong, og får gode råd frå dei nisseluekledde kvinnene før han dyppar seg uti.

– Når du kjem uti bør du pusta djupt fire gonger, ikkje stress, og kjenn at kroppen tilpassar seg. Me prøver å halda oss i ro og ikkje snakka så mykje når me er uti, sjølv om det er vanskeleg når me er så mange som er glade i å prata, seier Marit.

– Kroppen går inn i ein slags kvilemodus uti vatnet, og det vert som ei meditativ oppleving. Når ein kjem opp att får ein gjerne ei sterk varmekjensle i kroppen og ein kan lett verta litt euforisk. Då pratar me gjerne mykje! Endorfinene boblar og det er veldig sosialt, meiner Tove.

Rikeleg med isbadingsråd

Som du spør, får du svar – reportaren vert fort overlessa med gode råd, tips og triks – her er eit utval:

  • Prøv det, sjølv om du kanskje tenkjer at det ikkje er for deg!
  • Aldri isbad åleine!
  • Ikkje dypp hovud og hender nedi, og bruk hua og hanskar, og hugs badesko eller ullsokkar.
  • Ikkje hopp eller stup uti sånn som på TV, i alle fall ikkje om du er på vår alder!
  • Du bør ikkje isbada om du har høgt blodtrykk! (Men akkurat her var ikkje alle samde…)
  • Høyr med legen din, eg har høgt blodtrykk og han sa eg fint kunne halda fram med isbading.
  • Viss legen din seier at du må slutta med isbading, så skift lege! utbryt ein, og den dampande badstova rister med latter.
Isbading

Aldri forkjøla?

Kvifor utset altså damene seg for dette her?

I tillegg til det sosiale aspektet, den meditative roen og dei euforiske kjenslene etterpå er dei fleste i gruppa overbeviste om at det er godt for helsa.

– Eg trur at me får betre immunforsvar av dette. Me har ikkje vore forkjølte etter at me byrja å bada, meiner ein.

Åjoda! smell det frå Eli, som nettopp har vore gjennom ei forkjøling.

Du har berre bada for lite, då, ler ein annan.

Men uansett, dei fleste i gruppa meiner at dei kjenner seg friskare og har vore mindre sjuke etter at dei byrja med måndagsbadinga.

– Det er visst noko forskning på at folk som er jamnleg utsette for mykje kulde utviklar meir «brunt fett» som gjev helsefordelar, høyrest ikkje det flott ut? Kanskje alle me her er fulle av brunt fett? spekulerar Tove.

Meistringskjensle

Me kjem nok ikkje heilt til botnen i dei finare nyansane i isbadingsforskninga denne dagen. Damene er ivrige på å komma seg ut av badstova og ned i vatnet att. Dei skal trass alt rekka å dyppa seg fire gonger før dei skal inn og varma seg med te og pai foran peisen – slik er tradisjonen!

Det er ikkje til å nekta for at dette er ein særs energisk, sprudlande og glad gjeng, er det isbadingen åleine som har skulda? Eller ein blanding av det sosiale, dei fysiske effektene og kjensla av meistring?

– Ja, det er jo uansett ei sterk meistringskjensle knytt til dette, når me kjenner at me klarar det og trassar kulden. Eg er eigentleg ein «frysepinn» og tenkte at vinterbading var uaktuelt. Det er ei lukka i å dyppa seg nedi det iskalde vatnet og kjenna at det ikkje er farleg eller vondt, meiner Marit.