Engasjerande og fantasirik bildebok om tankeleik

Stor er ei sjarmerande og original bildebok om barns tankeleik om korleis det er å vere stor

Åh, berre eg blir stor nok, skal eg køyre bil, drikke masse brus og kjøpe akkurat kva eg vil i butikken! Slik drøymer storesøstera i biletboka Stor. For korleis er det eigentleg å vere vaksen? Berre ho hadde vore stor, skulle ho gjort akkurat som ho ville. Det skulle vore laurdag kvar dag, og ho skulle ha ete hundre pannekaker til middag. Minst! Men korleis er det å vere stor og ansvarleg når ting ikkje går som det skal? Er det mogleg å kjenne seg liten sjølv om ein er stor?

Stor er ei historie om kva det vil seie å vere stor, liten og akkurat passe seg sjølv. Tankeleiken blir løfta av rike, myldrande og fargesterke illustrasjonar med massevis av detaljar å dikte seg vidare inn i.

Martine Grande (f.1985) er animatør, forfattar og illustratør og har skrive fleire bildebøker. Hennar førre bok, Ørn frå 2021, fekk strålande kritikk og er nett lansert i Italia. Grande debuterte med bildeboka Kakerlakken med den stygge frakken i 2013, og boka er sett opp som teater.

Lansering 3.oktober.