Audition til barneutgåva av Elsa og Anna frå Disneys Frost – musikalen

Da blockbustaren Frost nådde kinolerretet for 10 år sidan var det som eit snøras feide over verdas småjenter. Ei strofe frå Let it go, og ungane forvandla seg til små isdronninger med magiske krefter. No jaktar Det Norske Teatret på dei ungane som skal gi liv til eit av verdas mest kjente søskenpar i Disneys Frost – musikalen, og søker jenter i alderen 8-12 år til audition i slutten av april.

FRIST FOR Å MELDE SEG PÅ AUDITION: SØNDAG 23. APRIL
MEIR OM PÅMELDING HER.

Til hausten skal nemleg Det Norske Teatret bli fylt med snøkrystallar og istappar når eventyret om dei to sterke søstrene Elsa og Anna inntar Hovudscenen i ein heilt ny nordisk versjon av Disneys Frost – musikalen. Og i hovudrollene står Mimmi Tamba og Ina Svenningdal.

Mimmi Tamba er for tida aktuell med si eiga framsyning Semper Eadem på teaterets Hovudscene, ei spektakulær visuelt og fantastisk musikalsk framsyning bygd på albumet ho gav ut under same tittel i 2020.

Ina Svenningdal har gjort seg sterk bemerka i ensemblet på Det Norske Teatret i framsyningar som Tolvskillingsoperaen, Into the Woods og er no aktuell i Tryllefløyta som har premiere førstkommande laurdag. Ina er også kjent for det store publikummet gjennom rollene som Åsa i Jul i Svingen og Linus i Svingen, og ikkje minst som Jente-Chris i serien Skam.

Med Elsa og Anna i Disneys Frost trådde to heltinnar fram både som styrte leiken og som hadde makta til å la det gode vinne. Det smarte grepet – som sjeldan har vore løfta i teiknefilmar eller barnebøker – var å la søskenkjærleiken mellom to søstrer vere det berande i forteljinga.