Ane Dahl Torp jaktar Moby Dick

Blod, olje og vatn vil flyte på scenen når kaptein Akab og mannskapet mønstrar på Hovudscenen for å fange den frykta kvite kvalen Moby Dick.

MOBY DICK
av Herman Melville
Premiere 19. januar kl. 19.00
Hovudscenen

Vinden vil røske tak i publikum og sjøsprøyten gå høgt over scenen når skuta til den forrykte kaptein Akab, i Ane Dahl Torps skapnad, legg ut på tokt for å drepe kvalen som gjorde kapteinen til ein stakkarsleg krøpling. Ho styrer skuta og mannskapet på Pequod med hard hand og ubøyeleg vilje for å nå dette eine målet: Å få hemn over Moby Dick.

– Det er eit sinne, ei lyst til å overvinne noko, nokon veldig negative og harde kjensler som ligg inne i Akab, som eg synest er ganske gøy å undersøke, seier Ane Dahl Torp. Les heile intervjuet.

Hemntokt

Blant mannskapet er i tillegg til forteljaren Ismael (Thea Lambrechts Vaulen), også andre sjøfolk med bakgrunn frå alle verdshjørner. Dei får brynt fordommar og kulturforskjellar mot kvarandre medan dei skal samarbeide om å halde skuta flytande. Samtidig set dei livet på spel i den vanvitige kvalfangst-jakta. For kva? For å tilfredsstille den monomane og blodtørstige kapteinens hemnlyst? Eller søker dei alle ei retning og ei meining med livet i ei verd der alt verkar vonlaust?

Sterkt lag på scenen

– Det vil vere anstrengande å spele denne framsyninga, på grunn av ein del fysiske sekvensar som vil kreve god kondis. Det kan vere å gå frå å stå bom stille, til å plutseleg springe intervallar på scenen, seier regissør Johannes Holmen Dahl. Les heile saken om fysisk arbeid på scenen.

Det er Johannes Holmen Dahl, regissøren bak suksessframsyninga Tid for glede som skal sette Herman Melvilles storverk i scene. I mannskapet han har med seg no, har han henta fleire krefter frå dette toktet. Scenograf Nia Damerell, komponist Alf Lund Godbolt og organist Peder Varkøy er med, i tillegg til perkusjonist Elisabeth Mørland Nesset og cellist Kaja Fjellberg Pettersen. På scenen står også Vetle Bergan, Terese Mungai-Foyn, Kyrre Hellum, Sara Khorami, Khalid Mahamoud og Kenneth Homstad. Saman skal dei skape ei drivande forteljing med dunkande rytme, høg puls og våte element.

LES OGSÅ: Herman Melville: Monsteret, mytane og menneska som inspirerte Herman Melvilles Moby Dick.