102 åring satt verdensrekord i vindtunnelflyging

Ivar Kristoffersen har vore hjå VossVind og floge som 94 åring, 100 åring, og no har han sett verdsrekord som 102 åring.

Verdsrekordforsøket, gjennomført 28.06.23, er godkjent a Guinness World Records som ein offisiell verdsrekord, og me kan med tryggleik seia at han presterte og leverte i samsvar med retningslinjene.

Sjølv om han til vanleg no sit på sjukeheim og i rullestol, liker han action på fritida. Sjølv med vondter i kroppen klarer han å flyga på eigenhand etter ein oppvarmingsrunde. Googlar du denne mannen, finn du ut at dette er ein skikkeleg harding og skikkeleg legende.

Voss Vind er strålende fornøyd med verdensrekorden:

Ivar, Ivar, Ivar… Du sluttar aldri å imponera. Fyrst besøkte du oss som 94-åring, deretter som 100-åring, og no kom du tilbake for å ta verdsrekord som 102 år og 171 dagar «ung». Den leikande haldninga di til livet er stor inspirasjon for oss alle, og viser at ein aldri blir for gamal til å ha det kjekt. Kanskje er det dét som gjer at ein held seg så bra som deg. Tusen takk for at me får oppleva denne dagen med deg.